Hei, og velkomen til sida mi!
Ynskjer du levande song til arrangementet ditt? Skal du feire bursdag, bryllup eller arrangere eit event med jobben din?
Eg heiter Karina Bjørnes og kjem frå Hardanger. Eg har opparbeidd meg lang song- og sceneerfaring. Dette inkluderer fest og bryllup, innspelingar og scenisk erfaring i konsert- og utelivet, men òg sermonielle oppdrag ved bryllup, konfirmasjon og gravferd. I tillegg til å drive enkeltpersonsforetak som songar, jobbar eg som rådgjevar.
Repertoaret mitt omfamnar breitt. Eg syng både moderne og tradisjonsmusikk, og ynskjer du noko spesielt øvar eg inn dette. Eg kan vera behjelpeleg med pianist/organist, gitarist, jazzensamble eller anna besetjing dersom du ikkje har dette.
Som songar og låtskrivar vil eg nok kunne plasserast i singer/songwriter-tradisjonen, men eg let meg inspirera av både jazz, klassisk og folkemusikk/tradisjonsmusikk. Som musikar er eg opptatt av å lata uttrykket puste fritt utan at det er knytt til sjanger. Dette meiner eg skapar ein genuinitet som kjem til uttrykk i formidlinga. For meg er kontakten mellom utøvar og publikum viktig, og eg er opptatt av opplevinga me deler når eg syng, og du høyrer.
Svært ofte fortel menneske meg at dei ikkje er musikalske. Eg trur dei tek feil; dei forvekslar musikalitet med talent.
Å vera musikalsk er for meg å ha glede av å oppleve musikk. Ikkje alle trivs på ein scene, men eg trur alle menneske er musikalske.
Dette er grunntanken i alt eg gjer, mitt manifest, om du vil. Eg undervurderer aldri publikumet mitt.